Praktisk info og påmelding


Velkommen til dåp i Kyrkja i Finnøy!

I dåpspåmeldinga klikkar du på "Ny registrering" for å søka etter ledige tidspunkt og bestilla dåp. Når du har send førespurnaden vil du etter 1-2 verkedagar få ein e-post med stadfesting på at ønska tidspunkt er ledig.

Dersom du ikkje har alle opplysningane kan du likevel lagra og senda førespurnaden. Du kan leggja inn resten av opplysningane på eit seinare tidspunkt ved å klikka på "Eg vil opna ei registrering". (Detaljar om barnet og ein forelder må leggjast inn for å kunna lagra og senda førespurnaden)
Når du har registrert detaljane vil du også bli kontakta og invitert til ein dåpssamtale. Dåpssamtalen handlar om kva dåpen er, kva som skjer på dåpsdagen og dei verdiar som følgjer i kvardagen. Du kan stilla alle spørsmål du har om dåp, tru og kyrkja.
 

Tilbake
Del