Årets Fasteaksjon går av stabelen 22.- 24. mars, og konfirmantane våre vil samla inn pengar til støtte for Kirkens Nødhjelp sitt arbeid.
Kampen for rettferd har vore heilt sentral i det å vere kyrkje - det er ein del av kyrkja si diakonale oppgåve. Kirkens Nødhjelp sitt arbeid ute i verda er òg menigheita si globale diakoni. Me står i ein global samanheng, og eit kyrkjeleg fellesskap over heile kloden. Det er over 3000 vers i Bibelen som handlar om fattigdom og rettferd. Gjennom Fasteaksjonen bidreg me år etter år til meir rettferd i verda. Me gjer menneska i våre lokalsamfunn moglegheit til å hjelpa. Og ikkje minst skapar me håp; hos oss sjølve og hos dei som er i naud.
TAKK FOR AT DU STØTTAR FASTEAKSJONEN 2026:-) Vipps til 2426. Pengane som blir samla inn, går til Kirkens Nødhjelps arbeid over heile verda.
Konfirmantane samlar inn til Kirkens nødhjelp i perioden 22. - 24. mars (Meir info om dag og metode for dei ulike øyane kjem.)
Det nyttar å hjelpe. Les meir om Fasteaksjonen 2026 HER.