Velkomen til opningsgudstenester i Hesby kyrkje sundag 19. oktober kl 11.00 og 13.00.
Endeleg er restaureringa av Hesby kyrkje ferdig og me kan igjen feira gudsteneste i den flotte kyrkja.
Og me feirar med å setja opp to gudstenester, både kl. 11 og kl. 13. Så kan du velja kva for ein som passar for deg.
Barnekoret Finnøy Fun Children, FFC, blir med på begge gudstenestene. Sokneprestane våre Terje Engstrøm og Ola Aasland Vold er med, helsing frå biskop Anne Lise, tekstformidling ved barn, inspirerande info om kyrkja og kyrkjelydsarbeidet, kollekt til kyrkjelydsarbeidet med meir.
Mellom dei to gudstenestene serverer me festkake, saft og kaffi. Det blir også nokre festhelsingar.
Dei som ynskjer kan gjere som i gamle dagar; å gå ein kyrkjesti til gudstenesta denne dagen:
Frå Teigen:
Kåre Vignes og Øystein Eggebø viser veg, start frå P-plass Teigen kl 9.45.
deltar i gudstenesta kl 11.
Frå Hauske:
Trond Spanne og Svein Nordbø viser veg, start frå fjøset til Daniel Vignes kl 10.45,
brukar omlag 1 time. Deltar på kyrkjekaffi og gudstenesta kl 13. NB! Parkering ved gjødselkummen til Aksel Tungland.
Ta med skoskift og eventuelt klesskift som i gamle dager..