Misjonsprosjekt i Hesby


Hesby sokn vil frå og med 1. januar 2026 starta ein ny fem-årsperiode for eit misjonsprosjekt.

Hesby sokn vil frå og med 1. januar 2026 starta ein ny fem-årsperiode for eit misjonsprosjekt.
Dei siste åra har kyrkjelyden samla inn mellom 35000 –50000,-per år til IraqwLanguage and CultureTrust i Tanzania. Midlane er samla inn gjennom kyrkjeoffer om lag seks gonger i løpet av eit år. Prosjektet har vart i vel ti år.

Soknerådet ønskjer at det blir starta eit misjonsprosjekt frå 1. januar 2026, med ein definert prosjektperiode på fem år, altså fram til 31. desember 2030. Dette fordi det er motiverande å arbeida mot eit spesielt føremål, og fordi prosjekteigar då har føreseielege rammer.

Nå vender me oss til dagens prosjekt, i tillegg til tre andre gode prosjekt med lokal tilhøyrsle. Dessutan vil me annonsera via kunngjeringar og på Facebook, Kyrkja i Finnøy og Hesby kyrkje. På den måten er me opne om prosessen og det kan vera andre prosjekt som kan vera aktuelle.
Hesby sokn vil prioritera prosjekt kor evangelisering og (bistand) diakonalt arbeid er sentrale element. Prosjektet må ha lokal forankring til Finnøy.

Er de interesserte i å bli vurdert som Hesby sokn sitt komande misjonsprosjekt? Me vil gjerne at de sender inn ein kort og klar søknad kor de skriv litt om prosjektet, og om kvifor de meiner at dette kan vere eit godt misjonsprosjekt for Hesby sokn. De må gjerne koma med forslag til korleis eit prosjekt kan skapa entusiasme i kyrkjelyden. Kan det vera andre innsamlingsformer i tillegg til ofringar? Det er føremålstenleg at eit prosjekt samlar inn til konkrete, målbare tiltak. Prosjektet me har hatt nå, er eit godt døme i så måte.

Søknaden sendast til Hesby sokn ved dagleg leiar Heidi Bø Sangedal på mail hs973@kyrkja.no innan 1. mai 2025.

Me vil vedta ei tildeling i soknerådsmøtet 27. mai 2025.

Tusen takk for engasjementet
Me høyrer gjerne frå dykk!

 

Tilbake
Del