Advent


Lysa tiltek i styrkje

Foto: Bo Mathisen

Å markere adventstida med å tenne eit nytt lys på kvar av dei fire sundagene er ein gamal og fin skikk. Lyset tiltek i styrkje jo mørkare det blir ute og jo nærmare vi kjem det store lyset: Jesus som fødast i ein stall. Nettopp når kulda og mørkret gjer seg gjeldande for alvor, tenner vi det fyrste adventslyset. Lysa blir snart fleire.

Har du tent adventsstjerna di og begynt å førebu deg til jul? Ordet advent betyr ankomst – vi ventar på nokon som skal kome.

I adventstida ventar vi, og førebur oss på, Gud som kjem til jorda. Ikkje som ein mektig konge, men som eit lite born i ei krybbe. Advent er forkorting for Adventus Domini, som betyr Herrens kome.

Den liturgiske fargen er fiolett, og desse ukene kallast gjerne «den lille fasten». Samstundes er det også ei tid fylt av forventing. Vi gler oss til jula og det som skal skje.

Sundagane i advent har litt ulikt fokus.

 

Fyrste sundag i advent: Vi tenner det fyrste lyset i adventskransen og byrjar å sjå framover mot jula. I monge kyrkjer feirar man «Lys vaken» denne sundagen, med born som har overnatta i kyrkja og som deltek aktivt i gudstjenesta. Hos oss skjer dette i kyrkja på Fogn.

Preiketeksta handlar om Jesus som går inn på tempelplassen og jagar ut dei som kjøpar og selg. Han veltar pengevekslerane sine bord og duehandlarane sine benkjer. Sundagen har også eit «nedanfrå-fokus», da Jesus framhever borna:

"Frå munnen på småborn og spedborn har du late lovsong lyda!»

 

Andre sundag i advent: Evangelieteksta for denne sundagen har tilsynelatande ikkje så mykje med jul å gjera. Eller kanskje har den det? Det handlar om uroa føre ein fødsel, som i det bornet er fødd, blir til glede og jubel.

Eit gjenkjenneleg bodskap til foreldre som har fødd? Eller eit hint til den store julegleda vi ventar på?

 

Tredje sundag i advent: Kven er eigentleg denne Jesus? På den eine sida er han så enkel å forstå, at sjølv eit born kan skjøne det. På den andre sida er han så mangfaldig, at ein kan bruke eit heilt liv på å lera han betre å kjenne. Tredje sundag i advent spør vi dette klassiske spørsmål: Kven er han eigentleg?

Og Jesus svarar sjølv på spørsmålet: Sjå på det eg gjer. Gjerningane mine fortel kven eg er.

 

Fjerde sundag i advent: No nærmar vi oss endeleg jul og vi les om Jesu foreldre, Maria og Josef. Trofaste Josef, som nøyar seg med å vere ein slags bifigur i dette store dramaet. Og sterke og modige Maria, som ber sjølve Gud i magen.

"Nå møtes jord og himmel, i barnet lagt på strå."

Tilbake
Del