Kirkens SOS treng frivillige
Kirkens SOS er ei døgnope kriseteneste på telefon og internett, og tilgjengeleg når vanlege opningstider er over. Det er mange som har det tøft og treng å bli lytta til. Nokre er einsame, andre slit med økonomi og nokre har også tankar om at dei ikkje orkar å leve lengre. Å bli lytta til og prate med ein friviljug i Kirkens SOS kan vere det som gir livsmot og nytt håp. Hos Kirkens SOS kan du gjere ein stor skilnad for mange.
Visjonen vår er «Alltid eit medmenneske å snakke med når livet er vanskeleg». Vil DU vere med? Du får god opplæring og veiledning. Nye innføringskurs for frivillige startar snart. Ta kontakt med Kirkens SOS Rogaland for informasjon eller sjå vår nettside: kirkens-sos.no.