Talgje sokn sitt Misjonsprosjekt er til Misjonsalliansen sitt arbeid for fattige og sårbare menneske i Ecuador. I artikkelen kan du sjå ein film som fortel om situasjonen i Ecuador.
2021 har vore eit annleis og krevande år, ikkje minst for den mest sårbare delen av folket i Ecuador. Stengte skular, høgare arbeidsløyse og økt kriminalitet, narkotika og vald har gjort livet vanskeleg for mange. I Norge har strenge restriksjonar og avlyste gudstenester gjort det vanskeleg å gjennomføra arrangement og misjonsgudstenester. Dette kombinert med at behova er så store, gjer at hjelp og støtte blir ekstra viktig.
Sjå filmen som Misjonsalliansen har laga: Film Ecuador.
Dersom du ynskjer å støtte den fattige og sårbare delen av folket i Ecuador, kan du vippse til 711493 Misjonsprosjektet Talgje sokn. Tusen takk for di støtte.