Fyrste helga i advent er alle som går i 6. klasse på øyane her i Finnøy invitert til Fogn kyrkje til Lys Vaken. Det er eit opplegg der borna samlas til overnatting i kyrkja frå laurdag til sundag. Her har dei litt undervisning om kyrkja, syng salmar, går tur, leikar og har andre aktivitetar. I tillegg førebur dei eit opplegg til gudstenesta på sundagen, der dei deltek aktivt.