Kan me ha dåp nå i korona-tida?


Ønskjer du å døypa barnet ditt, men veit ikkje heilt korleis det passar nå grunna koronasituasjonen?

Foto: Bo Mathisen

Me i kyrkja ønskjer framleis velkomen til dåp og vil leggja til rette for ei fin dåpshandling. Sjølvsagt tilpassa situasjonen med nødvendige smitteverntiltak. Det kan vere i ei ordinær gudsteneste, men grunna restriksjonar på mengd personar vil me også gje tilbod om eigne dåpsgudtenester, til dømes etter den ordinære.

Ta gjerne kontakt med oss for å prata litt gjennom korleis og når dåp kan gjennomførast. Eller ring direkte til servicetorget, 51840400.  

"Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til" (Mark 10,14)
 

Tilbake
Del