Refleksjon i tida


Prest Tor Egil Erksen delar ein refleksjon for tida me er i.

Bilde av Wendy van Zyl fra Pexels

Refleksjonar i desse «Koronatider».
Me er inne i ein ny livssituasjon og gjer oss nye erfaringar. Eg trur at ein lærdom me vil kunne få i denne merkelege tida, er at me betre vil skjøna kva det innebar å vera sett på som urein på Jesu tid. I Lukas 17, v 11-19 les me om 10 spedalske som då dei såg Jesus sette i å ropa på lang avstand. Dei gjorde som lova påla dei, 3 Mos, 13, 45-47: «Den som er ramma av ein slik sjukdom, skal riva sund kleda og la håret hanga fritt. Han skal løyna skjegget og ropa: «Urein, urein!» 46 Så lenge han er ramma, er han urein. Han skal bu for seg sjølv. Utanfor leiren skal han halda til.» Dette for å hindra at dei skulle smitte andre med sjukdomen. Med øydelagde klede og eit liv utanom fellesskapet i landsbyen måtte dei leva. Dei fekk ei karantene som for dei fleste nok varte livet ut. Desperasjonen deira då dei oppsøkte Jesus kan me skjøna. At dei ropa på Jesus om at han måtte ha miskunn med dei. 
Det gode for meg er at eg ikkje er åleine i å verta sett utanfor. Her står me alle meir eller mindre likt. Felles skjebne deler me og kan prata om stoda på 2 meter avstand med dei me møter. Det er erfaringar eg ikkje har gjort meg før. Men om det nå var slik at det helst gjaldt berre meg, og eg visste at det ville vara – kanskje livet ut?
Då kan me kanskje skjøna betre kor desperate fleire av dei «ureine/smittefarlege» vart. At dei trygla om at Jesus skulle miskunna seg over dei. Andre stader trengte spedalske seg fram til Jesus og rørte ved han og tagg om å verta lækte – dei braut dei strenge boda i sin desperasjon. Jesus synte at han ikkje var skremt av deira «smittefare». «Eg vil», sa Jesus. «Bli rein!» til den spedalske som kasta seg ned framfor Jesus i Markus 1,41, og slik møtte Jesus dei.
Og då kan me kanskje og reflektere over kor langt Jesu «Eg vil. Bli rein!» rekk. At det handlar om meir enn min sjukdom, og om andre ting i livet som eg ikkje er stolt over og som eg ikkje vil syna fram. Midt i all den usikkerheten og kanskje otte mange kjenner på kva denne «koronatida» vil føre til så vel eg å stole på Jesu «eg vil»! og prøver å la dette følgje meg i livet under trugselen frå pandemien, og inn i påskeveka som nå står for døra.  
«Kjære Herre Jesus, må din «Eg vil» gje meg tryggleik og glede i denne usikre tida.    Amen»
 

Helsing
Tor Egil Eriksen
Sokneprest i Hesby
 

Tilbake
Del