Ungdomsalpha


Kyrkja i Finnøy inviterer alle 10. klassingar frå øyane i Finnøy til å vera med på Ungdomsalpha.

 

Illustrasjonsfoto.

Dette er eit Alphakurs tilpassa ungdomar, og er meint for alle som har spørsmål i forhold til trua på Gud, både dei som er kristne, dei som ikkje er det og dei som ikkje veit heilt. Her snakkar vi til dømes rundt spørsmål som "Kven er Gud?", "Kven er Jesus?", "Kven er Den Heilage Ande?", "Korleis kan eg vita om eg er kristen?", "Kva er meininga med livet?" og mange fleire emne. 

Vi samlast til 10 kveldar med undervisning og diskusjon, litt mat og sosialt samkvem. Vi drar også på weekend saman ei helg. 

10.klassingane får brev med invitasjon til kurset som starter opp i januar.
 

Tilbake