Ei bøn for denne tida


I denne tida som er prega av omstilling på monge områder kan det vera godt å finne trøyst i ei bøn.

 

Me er inne i tider som er nye for oss alle. Mange kjenner nok på angst og uro, for seg sjølv og sine nære, for naboar og lokalsamfunnet. Siste sundag før fasten byrja las me teksten om Jesus som vart forklara framfor 3 av læressveinane. «Dette er Son min» sa Faderen frå skya. Jesus som gjer seg til eitt med våre liv, går inn i vår liding. Som me vandrar med på veg mot krossen no i fastetida. Då veit me at og i denne usikre tida med otte for Corona-viruset så vil Jesus gå med oss.

 

Her er ei bøn som ein god kollega, Anne Lise Matre har formulert, og som kvar kan gjera til si eiga:

 

Gode himmelske Far,

det er vondt og forvirrande å oppleva denne influensaepedemien.

Vi har aldri før opplevd noko liknande!

Hald oss fast i ein nøktern tillit til deg,

så frykta ikkje tar kreftene og motet frå oss.


Jesus vår Frelsar,

ver hjå dei som har blitt sjuke,

ta vare på dei som har fått påvist smitte,

og hjelp dei som er i karantene til å halda ut.

La styresmaktane våre ta rette val,

og hjelp oss alle til å ordna oss slik i kvardagen

at færrast mogleg blir smitta.


Heilag Ande vår Trøystar,

ver hjå oss så vi ikkje mister fellesskapet, gleda og tiltakslysta.
Det ber vi deg om!

Amen.

 

Så kan kvar og ein av oss laga vår eiga bøneliste med dei me vil leggja spesielt fram for Gud.

 

Herren velsigne deg og vare deg

Herren late sitt andlet lysa over deg, og vere deg nådig.

Herren løfte sitt åsyn over deg, og gje deg fred

 

Helsing Tor Egil Eriksen

Sokneprest i Hesby

Tilbake