ÅRETS FASTEAKSJON BLIR DIGITAL OG ER VIKTIGARE ENN NOKON GONG. NB! AKSJONEN VARAR TIL PÅSKEAFTEN!
Det er tid for den årlege fasteaksjonen, og normalt ville konfirmantane i sokna våre snart gått rundt med innsamlingsbøssene, men dette året blir det annleis. For å hindra spreiing av koronaviruset blir bøssebæringsrunden avlyst, og innsamlinga skjer i år digitalt. Vi oppmodar alle om å gje sitt bidrag via:
- Vipps til 2426
- SMS med kodeord VANN til 2426 (dette trekker 200 kr fra avsender)
- Betalingsfunksjon på fasteaksjonen.no
- Sosiale medier, og særlig Kirkens Nødhjelps innsamlingsfunksjon på Facebooksida deira.
- Gavekontonummer: 1594 22 87493
Verda står nå ovanfor ein pandemi, som rammar oss alle. Kirkens nødhjelp er spesielt bekymra for dei mest sårbare menneska i verda. Koronaviruset kan få katastrofale konsekvensar for land med stor fattigdom og dårleg utbygde helsesystem. Reint vatn og god hygiene er livsviktige i denne ekstreme situasjonen. Både for å forebyggje vidare spreiing, men også for å hjelpe dei som allereie er ramma. Kirkens Nødhjelp er spesielt bekymret for område med dårleg tilgang til reint vatn og dårlege sanitære forhold, for eksempel flyktningleire og slumområder.
Kirkens Nødhjelp er tilstade i 30 av dei mest sårbare landa i verda. Vi er allereie i gong med opplæring om koronaviruset og smitteforebyggjing i våre vatn- og hygieneprosjekt i fleire av dei landa vi er tilstade i.
Kirkens Nødhjelp sin årlege Fasteaksjon er Noregs nest største innsamlingsaksjon. I fjor samla aksjonen inn 32 millioner kroner, eit beløp som gjer 160.000 menneske tilgong til reint vann. 29. - 31. mars skulle 40.000 bøssebærare ha gått dør til dør for å samla inn penger for å gje sårbare menneske tilgang til reint vatn og god hygiene.
For å hindre spreiing også her heime i Noreg, vil våre innsamlare i Fasteaksjonen ikkje kome på døra. Dette betyr at pengene til årets fasteaksjon ikkje samlast inn dør til dør, men via Vipps 2426, via fasteaksjonen.no og på sosiale media, særleg Facebook.
- I ein så krevande situasjon, må vi stå saman og hjelpe kvarandre. Vi er alle sårbare nå. Hjelp oss å hjelpe dei mest sårbare. Vær med å redde liv og støtt oss digitalt i årets fasteaksjon.