Gudsteneste


Velkommen til å feira gudsteneste hos Kyrkja i Finnøy.

 

Foto: Heidi Bø Sangedal

Kyrkja i Finnøy har to sokneprestar; Terje Engstrøm for Hesby sokn og Ola Aasland Vold for Talgje og Sjernarøy sokn (fra 01.10.20). Dei delar på å ha gudstenestene på våre seks gudstenesteplassar.

Til gudstenestene blir kvar enkelt av oss invitert til eit kyrkjelydsfellesskap, som gjennom kyrkjeåret sin liturgiske rytme gjev rom for å dela liv og tru. Alt som skjer i gudstenesta er prega av at me er saman for Guds andlet, også orda til utsending: «Herren velsigne deg og vare deg! Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig! Herren lyfte sitt andlet mot deg og gje deg fred!» (4 Mosebok kapittel 6, vers 24-25).
 

Tilbake