Sokn og gudstenestestader


 

Kyrkja i Finnøy har seks gudstenesteplassar fordelt på ulike øyar. Administrativt er desse delt inn i tre sokn; Hesby, Sjernarøy og Talgje.


Hesby sokn består av hovudøya Finnøy og gudstenestene er i Hesby kyrkje.
Hesby sokn har Vipps 132972, og kontonummer 3347 30 30301.

Sjernarøy sokn består av Sjernarøyane og Ombo, og her er det gudstenester i Sjernarøy kyrkje på Kyrkjøy og Jørstad kyrkje (kapell) på Ombo.
Sjernarøy sokn har Vipps 602967, og kontonummer 3230 30 52843.

Innunder Talgje sokn høyrer øyane Bokn, Byre, Måløy, Fogn, Halsnøy og Talgje, og gudstenesteplassane er Fogn kyrkje, Talgje kyrkje, og Halsnøy bedehus.
Talgje sokn har Vipps 92286, og kontonummer 3347 30 22856.


Kvar øy har sitt særpreg og sin kultur med ulike utfordringar og styrker. Me har derfor i praksis seks ulike kyrkjelydar, som på mange vis, har sitt eige liv.
 

Tilbake