Fogn kyrkje


Fogn kyrkje ligg på øya Fogn og er ei nyare arbeidskyrkje.

 

Fogn fekk sitt første kapell i 1916. Noverande arbeidskyrkje vart reist etter omfattande lokal innsats, og vart vigsla den 17. november 1991. Arkitekt er Elisabet B. Fidjestøl. Kyrkja er oppført i tre, med underetasje i betong. Det krossforma og høgreiste kyrkjerommet har uvanleg fin akustikk for både song og tale.
Kyrkja har glasmåleri i rosevindauget over altaret laga av Veslemøy N. Stoltenberg. Motivet heiter "Krossen og rosa". På veggen under glasmåleriet heng eit trekors laga av gamle naustbord av Anne Kristine Solberg Runestad.                                                                                                       

  

Altarmøblar, preikestol, døypefont og lesepult er teikna av arkitekten, og laga av lokale handverkarar.

Fogn kyrkje er ein del av Talgje sokn. Her er gudstenester om lag ein gong i månaden. Kyrkja er ei nyare arbeidskyrkje som er praktisk for mange slags arrangement. Her blir det arrangert kyrkjekaffi etter gudstenestene, det er føremiddagstreff, møte, konsertar og andre kyrkjelege handlingar.
 

Tilbake