Talgje kyrkje


Talgje kyrkje er ei av dei eldste og best bevarte mellomalderkyrkjene i stein i Norge.

 

Talgje kyrkje ligg på eit av dei høgaste punkta på øya Talgje, på det gamle hovdingsetet Gard. Kyrkja ruvar majestetisk i landskapet, og skaper ei gripande stemning av mellomalder og ro.  Kyrkja er truleg bygd kring 1130-1150-talet. Byggmaterialet er vanleg gråstein, men alle hjørne og innfatningar er av hoggen kleberstein. Steinhoggarbeidet er av svært høg kvalitet, og detaljane i klebersteinutsmykkingane er uvanleg godt tekne vare på. Byggestilen er romansk–normannisk, og syner engelsk påverknad. Kyrkja har eit avlangt skip, og eit smalare firkanta kor med mura kvelving over, og halvrund avslutning (apsis) i aust. Kyrkja var gjenstand for ei omfattande restaurering i 1870 då det m.a. vart bygd våpenhus, og den rikt utsmykka inngangsportalen vart flytta hit. Det vart også bygd galleri. Ved neste restaurering i 1935-39 vart gamle graver under golvet fjerna og benkane vart erstatta med jærstolar. Enda ei omfattande restaurering tok til i 1982; då vart all gammal murpuss fjerna og kyrkja kalka på nytt. I 1995 måtte dette gjerast om igjen, og no blir kyrkja jamleg vedlikehalden med kalking, og framstår som "eit smykke" for å sitera Riksantikvaren.

Altertavla er laga av Lauritz Snikkar i 1624, og måla av Godtfried Hentschel i 1635. Preikestol, brurestol og kyrkjebøsse er laga av Thomas Snikkar omlag 1620. 

Talgje kyrkje er ein del av Talgje sokn. Det er gudstenester i kyrkja om lag ein gong i månaden. Dessutan arrangerer kyrkjelyden andre kyrkjelege handlingar som bønestund, bibeltimar, musikkandaktar og andre konsertar.
 

Tilbake