Sjernarøy kyrkje (Kyrkjøy)


Sjernarøy kyrkje er ei flott raud renessansekyrkje som ligg på Kyrkjøy.

 

Sjernarøy kyrkje er ei langkyrkje frå 1636 og ligg på Kyrkjøy. Renessansebyggverket vart oppført i perioden 1636-1647 i lafta tilhogd tømmer. Skipet er flatlofta, medan det over koret er ein slags tunnelkvelving. Veggane og taket inne i kyrkja er dekorert med rosemåling. På utsida var kyrkja opphaveleg tjørebreidd, men er nå kledd med raudmåla vestlandspanel. Vindauge er det berre på sørveggen. Etter å ha vore i privat eige sidan 1724, vart kyrkja kjøpt tilbake av sokna i 1846, sterkt til nedfalls. Snart etter starta ei omfattande restaurering i den tids stil, med kalkmåling over dei rosemåla flatene, og fjerning av gammalt inventar, m.a. altartavle og mellomalderkrusifiks. På 1940-talet kunna ein skimta rosemålinga gjennom kalken, og nokre år seinare vart kyrkja ved ei ny restaurering ført attende til noko nær sin opphavelege utsjånad. Ein del gammalt inventar kom på plass att, m.a. eit altarbord av stein frå mellomalderen som nå står i koret sitt sør-austre hjørne. Dette vart lenge nytta som dørhelle! Benkene i kyrkja fekk no vakre utskorne vangar mot midtgangen. Kyrkja vart også isolert, og det vart lagt inn elektrisk lys og varme.


Over det gamle sidealteret heng kyrkja sitt gamle utskorne krusifiks. Preikestolen frå 1600-talet er laga av Thomas Snikkar, og måla av Peter Reimers. Døypefonten er frå same tid, medan fatet og mugga er av nyare dato. Utanfor kyrkja er det reist eit minnesmerke over forfattaren Alfred Hauge, som var frå garden Hauge på Kyrkjøy.

Sjernarøy kyrkje er ein del av Sjernarøy sokn.  Det er om lag 7 km frå Helgøy ferjekai til kyrkja, og det passar med ferje både før og etter gudstenesta frå Judaberg, og fleire av øyane i Finnøy kommunedel. Det er gudstenester om lag ein gong pr månad, og utanom dette blir det arrangert konsertar og andre kyrkjelege og kulturelle handlingar.
 

Tilbake