Jørstad kyrkje (Ombo)


Jørstad kyrkje ligg på øya Ombo, og er i "ny-klassisistisk" stil.

 

Foto: Ingvild Njå

Jørstad kyrkje ligg på Ombo. Ho vart reist etter initiativ frå folket på Ombo, og vigsla som kapell i Sjernarøy sokn den 14. oktober 1928. Kyrkja er bygd i "ny-klassisistisk" stil, med nær kvadratisk grunnplan og kortilbygg i aust. Utvendig har kyrkja kvitmåla ståande panel. Etter måling hausten 1994 har kyrkja fått eit vakkert og stemningsfylt interiør i blåtonar.

Jørstad kyrkje er ein del av Sjernarøy sokn. Her er gudstenester om lag ein gong i månaden. Kyrkja blir også brukt til andre kyrkjelege handlingar og korøvingar for barnekor.
 

Tilbake