Plan for trusopplæring


I Finnøy har me felles trusopplæringsplan for dei tre sokna, og har ein systematisk plan som dekkjer alle alderstrinn frå 0-18 år.

 

Trusopplæringstiltak:

  • 0-1 år Dåpssamtalar, dåp og babysong om lag 15 samlingar i året.
  • 1-3  år Samling i kyrkja for å læra kveldsbøner, med utdeling av materiell, og invitasjon til gudsteneste. I Hesby sokn er det samling for 2-åringane.
  • 4 år: 4-årsbok – Samling i kyrkja i forkant av ei gudsteneste der dei får utdelt ein barnebibel.
  • 5 år:  Utdeling av aktivitetsbok på ei samling i kyrkja i forkant av ei gudsteneste. I lag med 4-åringane. I Talgje og Sjernarøy sokn har me ei felles samling for 1–5 år.
  • 6 år/1. klasse: 1. klasse på Finnøy blir invitert til familiegudsteneste og får ei Bibelbok som dei kan lesa sjølv. På alle andre øyar enn Finnøy, blir 6- 9 år (1-4 kl) invitert i lag og får ulike bøker / CD kvart år i hausttakkefesten i kyrkja. Ungane får også felles skulebesøk. Det er stor oppslutnad rundt dette arrangementet i kyrkjene.
  • 7  år/2. klasse: Invitasjon til Påskevandring på Finnøy, samt utdeling av påskebok eller påske-CD. Dette er eit samarbeid med Sundagsskulen på Finnøy.
  • 8 år/3. klasse: Tårnagenthelg. Borna får læra om kyrkja, misjon og Bibelen på ein spanande måte. Les meir her.
  • 9 år/4. klasse: Pinsevandring på Halsnøy, Samling som varer i 3 timar der dei får læra pinsehistoria i ord og handling. Avslutta med grillfest. Les meir her.
  • 10 år/5. klasse: Utdeling av Godt nytt. Skulebesøk og innbyding til Bibeldagen i kyrkja. Les meir her.
  • 11 år/6. klasse:  Lys vaken. Eit døgn der me vert lys vakne for den verdsvide kyrkja og dei rundt oss. Førebuing til og aktiv deltaking i gudsteneste.  Arrangert i Fogn kyrkje. Les meir her.
  • 12 år/7. klasse: Rotur frå Talgje til Sjernarøy med overnatting på Emmaus på Finnøy. Gudstenesteførebuing med dei ulike liturgiske ledda i sentrum. Gudsteneste laurdag Hesby og sundag Sjernarøy. Les meir her.
  • 13 år – 18 år: Open Hall. 14-16  fredagskveldar i løpet av haust, vinter og vår med fokus samvær, ballaktivitet og andakt. Nært samarbeid med KRIK og ungdomslaget. Les meir her.
  • 14 -15 år: Konfirmasjon.  Sjå meir her.
  • 15 år/10. klasse: Ungdomsalpha. 10 kveldar pluss ein weekend med fokus på dei sentrale tema i den kristne trua. Alle leiarar er frivillige frå Finnøy. Les meir her.

I tillegg til dette har kyrkja samarbeid med skular og barnehagar knytt til jul og påske, bibeldag og hausttakkefest.

Tilbake