Konfirmasjon


Velkommen som konfirmant hos oss i Finnøy kommunedel. Me har eit opplegg som me er stolte av og som me trur at du som konfirmant vil lika. Å vera konfirmant i kyrkja er ikkje berre for deg som trur. Å vera konfirmant i kyrkja er like mykje for deg som tvilar eller berre er nysgjerrig. I konfirmasjonstida får du høve til å utforska mange viktige spørsmål saman med andre, og du får læra meir om Gud og deg sjølv.

 

Me startar konfirmantopplegget vårt i slutten av august kvart år! Då delar me konfirmantane inn i Aktivitetsgrupper; Til dømes: Tur, Sykkel, Film og drama. Aktivitetstilbodet kan variera frå år til år. Så gjer me desse aktivitetane tidleg haust, medan det framleis er ver til å vera ute. Kvar time har Bibelundervisning om sentrale tema i den kristne tru.

Så går me over til noko som heiter Sunt & Sant. Dette er etiske refleksjonsgrupper, der ein går inn på aktuelle tema knytt til det praktiske livet konfirmantane står oppe i.

Etter det har me heimegrupper på øya der konfirmantane bur, med mat, moro og undervisning.
Så har me om lag 5 felles undervisingstimar på Bethel bedehus på Judaberg der alle er samla og me går igjennom sentrale tema i den kristne trua, øver på Herrens Bøn og truvedkjenninga.

Me har kvart år konfirmantleir i februar der konfirmantane drar til Furutangen leirstad på Randøy i Hjelmeland kommune med ei overnatting (normalt fredag til laurdag). På programmet her står blant anna gudsteneste, andakt, film/brettspel, fjelltur (til Randåsen) og sosialt samvær.

Konfirmantane er også med på den årlege fasteaksjonen i regi av Kirkens Nødhjelp der dei samlar inn pengar på si øy.

I løpet av året er konfirmantane med på åtte Gudstenester; tre valfrie i tillegg til Presentasjonsgudsteneste, Ljosmesse, Bibeldag, Samtalegudsteneste og Konfirmasjon. Før dei fleste av desse, har vi førebuing til gudstenesta ein time nokre dagar i forkant, der konfirmantane øver på oppgåver og lærer om liturgi og innhaldet i gudstenesta.
I Finnøy soknar konfirmantane til 6 ulike gudstenestestader, avhengig av kva øy dei bur på. Ein stad kan ha ein konfirmant, ein annan 20. Difor blir det av og til lokale tilpassingar. Samstundes skjer mykje av opplegget rett etter skuletid på Finnøy når alle er samla. Då passar me på at dei som bur rundt på øyane rekkjer ein båt heim i høveleg tid.

Foreldre/føresette og konfirmantar får brev i mai året før konfirmasjon, med invitasjon og forslag til datoar for konfirmasjonsgudstenester for dei ulike øyane året etter. Det blir sett opp foreldremøte i juni, for å spikra fast desse datoane, med rom for å bytta dato mellom øyar, med unntak av øya Finnøy. Dei som soknar til Hesby sokn, har normalt første helga i mai.
 

Tilbake