Hesby kyrkje


Hesby kyrkje er ei flott steinkyrkje frå mellomalderen.

 

Hesby kyrkje

Hesby kyrkje er frå mellomalderen, bygd i gråstein, og med meter-tjukke vegger. Nøyaktig alder er vanskeleg å slå fast. Etter tradisjonen er ho bygd samstundes med Talgje kyrkje (midt på 1100-talet), medan ein del fagfolk held på at Hesby kyrkje er eit hundreår yngre. Vindauga i kor og skip har gotiske spissbogar, men kan vera ombygde frå mindre, rektangulære opningar. Bindesteinane på kyrkja sin vestvegg syner at kyrkja opphavleg har hatt tårn, som seinare har rasa saman. Inngangsdøra til kyrkja var i sør. Inngangsportalen i kleberstein vart i 1871 flytta til det nybygde våpenhuset i vest. Ved restaureringa dette året fekk kyrkja galleri, og kordøra vart ombygd og fekk ein nygotisk korboge i tegl. Ved ei ny, omfattande restaurering i 1959-60 fekk kyrkja sakristitilbygg, nye benker og altarring, elektrisk oppvarming og nye lysekrone. No fekk kyrkja også dei vakre glasmåleria i treeiningsvindaugo i koret, av kunstnaren er Frøydis Haavardsholm. 

Av mellomalderinventar er altarbordet og rester av ein romansk døypefont i kleberstein. Preikestolen er frå 1623 og er skoren av Laurits Snikkar, og måla av Peter Reimers.

Hesby kyrkje ligg ope og fritt på vestsida av Finnøy. Her har generasjonar samlast om gudsordet. Det er gudsteneste om lag annankvar sundag, forutan mange andre samlingar; møte, konsertar, kulturarrangement og kyrkjelege handlingar.
 

Tilbake