Corona-restriksjonar


Kyrkja i Finnøy følgjer dei nasjonale og lokale retningslinjene som er gitt for å hindra spreiing av Covid-19 viruset.

 

 

 

Bildet hentet frå Pixabay

Covid-19 viruset er framleis sterkt tilstades i landet vårt, og for Stavanger-området har det diverre vore stor auking av smittetilfelle siste tida. Me har difor fått nye lokale retningslinje som gjeld frå og med 31.12.2020 og til 22.01.2021. Du kan lesa den lokale forskrifta HER. 

3. januar kom det óg nye nasjonale forskrifter og retningslinjer som gjeld til 18. januar. Korleis desse påverkar oss i Den norske kyrkja kan de lese meir om HER.

I all hovudsak tyder dette at fysiske samlinger som gudstenester og andre kyrkjelege handlinger med fysiske møtepunkt går ut fram til 18. januar, og me vil laga nokre digitale gudstenester.

Det er likevel lov å gjennomføra gravferder med inntil 50 personar. I nokre tilfeller kan me óg gjennomføra små enkeltsamlingar med maks 10 deltakare, til dømes dåp, vigsel, sjelesorg og innspeling til digitale gudstenester.

Ta kontakt med oss om du har spørsmål  - post.finnoy@kyrkja.no, eller ta kontakt med oss på telefon, sjå HER.

Me høyrer gjerne frå deg:-)

 

 

Tilbake