Kyrkja i november/desember 2020


Kyrkja i Finnøy følgjer dei nasjonale og lokale retningslinjene som er gitt for å hindra vidare spreiing av Covid-19 viruset, og det vil bli endringar i programmet vårt. Retningslnjene for november blir vidareført dei fysste vekene av desember.

Kyrkja i Finnøy følgjer dei nasjonale og lokale retningslinjene som er gitt for å hindra vidare spreiing av Covid-19 viruset. Dei nye reglane som blei sett i verk no i november, vil difor ha innverknad på våre planlagde aktivitetar denne månaden. Tiltaka er forlenga nokre veker og vil ha innverknad på arrangement dei fysste vekene av desember. Det er no anbefalt at arrangement som ikkje er gudstenester eller kyrkjelege handlingar utgår inntil vidare. Det kan likevel tas lokale hensyn. 

For gudstenester og kyrkjelege handlingar, inkludert gravferd kan ein no ha maks 50 deltakare totalt. Registrering av deltakare fortset som før, men blir no oppbevara i 14 dagar.

Kyrkja i Finnøy har vald å avlyse kontinuerlege tilbod som Open Hall og Babysong i november, og vonar me kan arrangere dei som planlagd i desember. Lys Vaken arrangementet me pleier å ha 1. sundag i advent blir utsett til vinter/vår 2021.

Smittevernet ved virksomhet i Den norske kyrkja byggjer på fem hovudprinsipp:

  • Sjuke personar skal ikkje delta på fysiske samlingar.
  • Gode rutiner for hygiene, handvask og reinhald.
  • Minst mogleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr.
  • God avstand mellom alle som deltar.
  • Tilstrekkeleg bemanning til stade.

Du kan lesa heile smittevernveiledaren HER.

Me oppmodar alle til å delta i denne nasjonale dugnaden i november, slik at desember og julehøgtida kan feirast mest mogleg slik me er vane med:-)

Men engelen sa til dei: "Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket" (Luk 2,10)

 

Tilbake
Del