Julegudstenester 2020 -PÅMELDING


Grunna den spesielle situasjonen med Covid-19 der me ikkje kan fylla kyrkjene heilt opp, må me dette året ha førehandspåmelding til gudstenestene på julaften. Påmeldinga opnar 14. desember kl 09.00.

Image by articgoneape from Pixabay.

For å kunna halda kravet til avstand for å hindra spreiing av Covid-19 viruset, kan me ikkje fylla kyrkjene våre heilt opp. Det vil difor ikkje vere mogleg å få plass til så mange som me ynskjer på gudsteneste våre julaften. Talet på plassar er avgrensa, og me må difor ha eit system med påmelding.

Gudstenestene julafta i Fogn kyrkje og Sjernarøy kyrkje kl 14.30 vil bli filma, og me legg ut lenke til streaminga i DENNE artikkelen.

Påmeldinga opnar 14. desember kl 09.00!

Me har gudstenester her på julaften:

Hesby sokn (Finnøy):

  • Hesby kyrkje kl 13.00. Meld deg på HER.
  • Hesby kyrkje kl 14.30. Mels deg på HER. NB! Det er nå fullt på denne gudstenesten, 23/12.
  • Hesby kyrkje kl 16.00. Meld deg på HER.

Sjernarøy sokn (Ombo og Sjernarøy):

  • Jørstad kyrkje kl 13.00. Meld deg på HER.
  • Sjernarøy kyrkje kl 14.30. Meld deg på HER. NB! Det er nå fullt på denne gudstenesten, 17/12.
  • Sjernarøy kyrkje kl 15.30. Meld deg på HER.

Talgje sokn (Fogn, Halsnøy og Talgje):

  • Fogn kyrkje kl 14.30. Meld deg på HER. NB! Det er nå fullt på denne gudstenesten, 19/12.
  • Fogn kyrkje kl 15.30. Meld deg på HER. 
  • Halsnøy bedehus kl 11.00. Meld deg på HER. 
  • Talgje kyrkje kl 11.00. Meld deg på HER. NB! Det er nå fullt på denne gudstenesten, 16/12.
  • Talgje kyrkje kl 13.00. Meld deg på HER.

NB! For gudstenestene 1. og 2. juledag har me ikkje påmelding; Møt opp i god tid!

Sjå også kalenderen her.

Tilbake
Del