JULEGUDSTENESTER 2020


Grunna den spesielle situasjonen med Covid-19 der me ikkje kan fylla kyrkjene heilt opp, må me dette året ha førehandspåmelding til gudstenestene på julaften. Påmeldinga opnar 14. desember kl 09.00.

 

Image by articgoneape from Pixabay.

For å kunna halda kravet til avstand for å hindra spreiing av Covid-19 viruset, kan me ikkje fylla kyrkjene våre heilt opp. Det vil difor ikkje vere mogleg å få plass til så mange som me ynskjer på gudsteneste våre julaften. Talet på plassar er avgrensa, og me må difor ha eit system med påmelding.

Påmeldinga opnar 14. desember kl 09.00, og me legg ut link når den er klar.

Me har gudstenester her på julaften:

Hesby sokn (Finnøy):

  • Hesby kyrkje kl 14.30
  • Hesby kyrkje kl 16.00

Sjernarøy sokn (Ombo og Sjernarøy):

  • Jørstad kyrkje kl 13.00
  • Sjernarøy kyrkje kl 14.30
  • Sjernarøy kyrkje kl 15.30

Talgje sokn (Fogn, Halsnøy og Talgje):

  • Fogn kyrkje kl 15.00
  • Halsnøy bedehus kl 11.00
  • Talgje kyrkje kl 11.00
  • Talgje kyrkje kl 13.00
     

Sjå også kalenderen her.

Tilbake