Takkoffer til Rogalandsgarden


Til hausttakkefestane pleiar me å ha takkoffer til Bygdekvinnelaga sitt diakonale prosjekt i Sambolabo, Kamerun. Me har fått nokre bileter og litt informasjon om korleis dei brukar pengane.

 Her ser me takknemlege damer som teljer og leggjer ein plan for bruken av pengane som kjem frå blant anna Hesby og Sjernarøy sokn sine takkoffer til Rogalandsgarden. Dei får brukt pengane til monge nyttige prosjekter.

 

Fleire øydelagde bruer har blitt fiksa, med det resultat at den 86 km lange vegen mellom Sambolabo og Galim nå er farbar heile året.  

 

I løpet av 2020 har dei gravd to nye brønner som gjer reint vatn til monge.

 

Mikrokreditt gjer det mogleg å invistera i ei betre framtid, og har gitt dei blant anna ei vannpumpe til grønsaksdyrking og ein symaskin.

 

Me takkar for flotte bilete og syns det er stas å vise fram kor godt pengane som kjem inn blir nytta:-)

 

Tilbake
Del