Rotur


 

Ei helg i juni er alle 7. klassingar i Finnøy kommunedel invitert til rotur med overnatting. Opplegget er frå laurdag til sundag og oppstart er frå Talgje, der dei går til Talgje kyrkje og har ei samling, før dei går vidare til båtane og ror til Finnøy. Det er ein vaksen i kvar robåt, og det er også ein større følgjebåt som har med bagasje, proviant og naudsynt hjelpeutstyr.

Framme på Finnøy går følgjet til Emmaus bedehus der dei skal overnatte, og samlas for ei kveldsgudsteneste i Hesby kyrkje. Sundag morgon går dei attende til båtane og startar roturen vidare til Sjernarøy. Helga avsluttas så med gudsteneste i Sjernarøy kyrkje kl 16.00.

Tilbake