Bibeldagen


 

Foto: Aaron Burden

Bibeldagen er eit trusopplæringstiltak for alle 5. klassingar i Finnøy kommunedel. Dei blir inviterte til ei gudsteneste der dei får kvar sitt «Godt Nytt». På førehand har prestane gjerne hatt eit skulebesøk hos dei for å fortelje litt om opplegget, gudstenesta og til kva land Bibelselskapet samlar inn pengar til bibeloversetjing det aktuelle året. I etterkant av gudstenesta inviterast borna til ei bibelgruppe der me har eit opplegg rundt Tidslinja (som på ein enkel og fin måte illustrerar bibelens forteljingar). 

Tilbake