Pinsevandring


Pinse for alle.

 

På vårsemesteret har Kyrkja i Finnøy eit fast opplegg for alle 4. klassingar i Finnøy kommunedel, og det er pinsevandringa på Halsnøy. Då møter me borna på Judaberg ferjekai og reiser med båt til Halsnøy. Der treff med 4. klassingane frå Halsnøy, og startar turen over øya med stopp på stasjonar der Jesus’ tid på jorda etter oppstoda blir dramatisert. Me har ein liten matbit undervegs og avsluttar opplegget på Halsnøy bedehus med dramatisering av hendelsa der læresveinane får Den Heilage Ande og me høyrer «Peter» preike frå Apostelgjerningane 2. Etterpå feirer me kyrkja sin bursdag med hamburger og brus, før me tek båten attende til Judaberg.

Tilbake