Tårnagent


No er hausten her, og me inviterar 3. klassingane på øyane våre til Tårnagent-helg i Hesby kyrkje 7. og 8. november. 

 

Alle skuleborn i 3. klasse i Finnøy kommunedel får brev med invitasjon til vera med på tårnagenthelg på hausthalvåret, normalt i oktober-november ein gong. Då har me ei samling på laurdagen der borna er tårnagentar som skal leite etter skattar i kyrkja. Me vekslar på bruk av kyrkjene ut frå passande helg og tilgjengelege ressursar. Borna får også høyra sundagens tekst og øvar inn songar og eventuelt eit lite drama knytta til gudstenesta som avsluttar opplegget på sundagen. Det er ei familiegudsteneste der tårnagentane er deltakare. 

Tilbake