Gøy på Finnøy


Gøy på Finnøy – historisk sus i kyrkja!

 

Foto: Negative v/ Kristofer Ryde

I august kan du få med deg eit heilt spesielt kyrkjespel i Hesby kyrkje på Finnøy. Ryfylke Livsgnist skal saman med gode medspelarar tilbyr nemleg «Gøy på Finnøy» laurdag 8., 15. og 22. august, samt sundag 23. august. Gøy på Finnøy er ein opplevingsdag for små og store, og som er ei blanding av rebus, sporleik, historiske spel, lokalmat og lokale produkt. Her er det ope på gardar, butikkar, sølvsmie, ein tyskarfestning og ikkje minst i Hesby kyrkje. I kyrkja kan du på eit bestemt klokkeslett oppleva ei «1000-årsreise frå 1020 til 2020». Munk, kongsmenn, mategeni og ei juleglad prestekone er blant dei du får møte og høyra om i Hesby kyrkje. For Hesby har vore ein storgard og maktsentrum gjennom fleire hundre år. 

Førestillinga vil vara om lag 40 minutt. Før og etter kan du oppleva andre høgdepunkt på Finnøy, til dømes ei førestilling om krigen i det nedlagte forsvarsverket på Søre Vignes. Her er også Ryfylkekokken klar med Finnøylunsj på bål!
Legg helgeturen til Finnøy i august. 

Les meir om dette spennande arrangementet HER.


 

Tilbake