Velkommen til ny prest


Stavanger bispedømme har tilsett Ola Aasland Vold som ny sokneprest for Sjernarøy og Talgje sokn.

 

Ola Aasland Vold (32) er frå Fogn, men er busett på Fiskå. Han er gift og har 3 born. Han kjem i frå ei todelt stilling som pastor i Jørpeland Misjonsforening og barne- og ungdomsforkynnar i NLM region Sørvest. Han har også vore fire år i Elfenbenskysten for Misjonssambandet.

Ola Aasland Vold vil tiltre stillinga i løpet av hausten. Me gler oss til å bli kjend med han, og til å presentera han for menighetene våre.

Tilbake