Gudstenester i koronatiden


Me gler oss over å kunne feira gudstenester i kyrkjerommet att! 

 

Gudsteneste i Talgje kyrkje.

No er det endeleg lov å feira gudsteneste saman med andre i dei flotte kyrkjene våre. Det er likevel nokre føresetnader me framleis må følgje for å støtta den nasjonale målsetjinga om å hindra vidare spreiing av Covid-19.

Inntil 200 personar kan nå (frå 16/6) delta (i tillegg til medverkande) dersom det er rom for å halde 1 meter avstand mellom kvar person (gjeld ikkje personar i same husstand). Seremonirommet sin storleik overstyrer maksimal mengd slik at minimum avstand kan takast vare på. Ingen av kyrkjene i Finnøy er store nok til å kunna romme 200 personar med 1-metes regelen, og maks tal på personar varierer frå kyrkje til kyrkje.

Desse fem prinsipp gjeld for deltaking på gudstenester:

  • Sjuke personar skal ikkje delta på fysiske samlingar.
  • Gode rutiner for hygiene, handvask og reinhald.
  • Minst mogleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr.
  • God avstand mellom alle som deltar.
  • Tilstrekkeleg bemanning til stade.

Du kan lese heile smittevernveiledaren HER.

 

Tilbake