Babysong


Babysong - syng med babyen heimefrå.

Foto: Bo Mathisen

NB! Grunna nasjonale retningslinjer for å hindra spreiing av koronavirus er babysong diverre avlyst fram til sommaren. Me kjem tilbake med ny informasjon om når me eventuelt startar opp igjen til hausten. Fram til me kan samlas på ny kan de syngje for babyene heime når det er ledige stunder. Her er spelelista eg brukar på Spotify. Hvis du ikkje har Spotify får du uansett opp lista med songar og kan søkje etter dei på andre måtar. Og her er ei av reglene me brukar:

Spring etter vatn, spring etter vatn. 
Hopp over gjerdet, hopp over gjerdet. 
Spring etter vatn, spring etter vatn.
 Øse i, øse i.

Springe hjem igjen, springe hjem igjen 
og hopp over gjerdet, hopp over gjerdet. 
Springe hjem igjen, springe hjem igjen. 
Øse ut, øse ut.

*


 

Babysong startar opp igjen på biblioteket på Finnøy torsdag 6. februar kl 11.00. Velkommen til alle som har babyer 0-1 år. Her senkar me skuldrene og fokuserar på kvalitetstid med babyen(e) vår(e) gjennom reglar, song og musikk.. Songstunda varer mellom 30-45 min, og etterpå slappar me av med litt mat og småprat. Me stillar med drikke, og de tar sjølv med matpakke.

Datoene for babysong denne våren blir 6/2, 20/2, 5/3, 19/3 (utgår), 2/4 (utgår), 30/4 (utgår) og 14/5 (utgår). Alle gongane på biblioteket på Finnøy kl 11.00. Dette er eit gratis trusopplæringstiltak for alle som bur i Finnøy kommunedel. Gler meg til å møta dykk:-)

Med vennleg helsing Brenda Talgø Kolstadløkken (under mottoet: "Skogen ville være uendelig stille om det bare var de beste fuglene som sang")

Tilbake
Del