Open Hall


Velkomen til Open Hall! Open Hall er eit tilbod til ungdomar i alderen 13 år og oppover, og er eit samarbeid med KRIK Finnøy.

Endre Vastveit loddar ut sjokoladeplater. Foto: Tor Øyvind Skeiseid.

Open Hall er eit tilbod til ungdomar i alderen 13 år og oppover. Alle som går i 8. - 10. klasse får eigen invitasjon, men eldre ungdommar er sjølvsagt også hjarteleg velkomne. Tiltaket er i Finnøy Fleirbrukshall om lag annankvar fredag kl 20.00 - 23.00. Det er andakt, ballspel, biljard, bordtennis og kiosksal, forutan å vera ein treffstad der ungdommane kan sitja og snakka. 

Datoane for hausten 2022 er: 9/9, 23/9, 7/10, 28/10, 4/11, 18/11, 2/12 og 16/12.

 

Tilbake

Del