Velkommen til bryllaup i Finnøy!
Bestilling av vigsel i kyrkjene i Stavanger kommune blir gjort fortløpande. Vigslar kan bestillast inn til eit år i førevegen (frå første verkedag i den aktuelle månaden).
Kontakt oss for ledige tidspunkt og meir informasjon:
Send oss forespurnad her,
eller ta kontakt på telefon:
Kirkens Servicetorg
Tlf: 51 84 04 00
Besøksadresse: Klubbgt. 1, 3.etg. opningstider: mån-fre kl 08-15.30 (sommartid til kl 15)
Stavanger domkyrkje vil vera stengt for vigslar frå 1. mai 2020-2023 på grunn av restaurering.
Stad for vigsel
For å gifta seg andre stader enn kyrkjer (for eksempel utandørs) må det søkjast om godkjenning. Søknad blir send til post.stavanger@kirken.no og blir behandla av prosten i det aktuelle prostiet.
Val av prest
De vil bli kontakta av presten i god tid før vigsla. Dersom de har eit spesielt ønske om prest, kan de sjølv ta kontakt med vedkomande og høyra om vedkomande har høve å stilla opp. Ein kvar som er ordinert prest i Den norske kyrkje kan bli spurt. Denne presten må då søkja soknepresten om å få gjennomføra vigsla (ei rein formell sak).
Vigsel av likekjønna
Den norske kyrkje gjennomfører vigsel av likekjønna, og forbøn for borgarleg inngått ekteskap av likekjønna.
Kostar det noko?
Det er gratis å gifta seg i kyrkja der ein brur. For andre kyrkjer kan det vera kostnader.
Skjema
Inngåing av ekteskap er ei offentleg handling og må godkjennast av styresmaktene. Søknad kan gjerast elektronisk eller på papir. På skatteetaten.no finn du «Vegen til ekteskapet – steg for steg».
Vigselsamtale
Føremålet med vigselsamtalen er for presten å bli litt betre kjent med brudeparet, snakka litt om vegen til ekteskapet, og vegen vidare. I vigselsamtalen blir det også drøfta den praktiske gjennomføringa av vigsla.
Deltaking under vigsla og ønske om musikk
Det er høve til at bryllaupsgjester og andre kan delta med musikalske innslag, tekstlesing, andre passande kulturelle innslag eller liknande. Dette blir avklart med prest og organist.
Songark og pynting
De er sjølv ansvarlege for å få trykka songark og eventuell pynting av kyrkja. Salmebøker i kyrkja kan også nyttast.
Du kan lesa meir om bryllaup i den norske kyrkje på kirken.no/bryllup