Velkommen som konfirmant hos oss i Finnøy kommunedel. Me har eit opplegg som me er stolte av og som me trur at du som konfirmant vil lika. Å vera konfirmant i kyrkja er ikkje berre for deg som trur. Å vera konfirmant i kyrkja er like mykje for deg som tvilar eller berre er nysgjerrig. I konfirmasjonstida får du høve til å utforska mange viktige spørsmål saman med andre, og du får læra meir om Gud og deg sjølv.
Me startar konfirmantopplegget vårt i slutten av august kvart år! Konfirmantopplegget kan variera frå år til år, men fast er Bibelundervisning om sentrale tema i den kristne tru.
Etter det har me heimegrupper på øya der konfirmantane bur, med mat, moro og undervisning.
Så har me om lag 8 felles undervisingstimar der alle er samla og me går igjennom sentrale tema i den kristne trua, øver på Herrens Bøn og truvedkjenninga.
Me har kvart år konfirmantleir i februar med ei overnatting (normalt fredag til laurdag). På programmet her står blant anna gudsteneste, andakt, film/brettspel og sosialt samvær.
Konfirmantane er også med på den årlege fasteaksjonen i mars i regi av Kirkens Nødhjelp der dei samlar inn pengar på si øy.
I løpet av året er konfirmantane med på åtte gudstenester; tre valfrie i tillegg til Presentasjonsgudsteneste, Ljosmesse, Bibeldag, Samtalegudsteneste og Konfirmasjon. Før dei fleste av desse, har vi førebuing til gudstenesta ein time nokre dagar i forkant, der konfirmantane øver på oppgåver og lærer om liturgi og innhaldet i gudstenesta.
I Finnøy soknar konfirmantane til 6 ulike gudstenestestader, avhengig av kva øy dei bur på. Ein stad kan ha ein konfirmant, ein annan 20. Difor blir det av og til lokale tilpassingar. Samstundes skjer mykje av opplegget rett etter skuletid på Finnøy når alle er samla. Då passar me på at dei som bur rundt på øyane rekkjer ein båt heim i høveleg tid.
Foreldre/føresette og konfirmantar får brev i mai året før konfirmasjon, med invitasjon og forslag til datoar for konfirmasjonsgudstenester for dei ulike øyane året etter. Det blir sett opp foreldremøte i juni, for å spikra fast desse datoane, med rom for å bytta dato mellom øyar, med unntak av øya Finnøy. Som prinsipp har Hesby kyrkje (for konfirmantane på Finnøy) alltid første helg i mai (lørdag + søndag). Det året 1. mai er på ein sundag blir det 30. april og 1. mai. For dei andre øyane varierar det mellom same helg, helga før eller helga etter, og ein blir einige om kva datoer det blir på foreldremøtet.
Konfirmasjonstida har ein pris på kr 750. Dette inkluderar materiell, mat på samlingane, konfirmantbibelen, kost og losji på leir mm. Hvis du har problem med å betale avgifta, vil me hjelpa til med dette. Pris skal IKKJE vere eit hinder. Ta kontakt!
Er du ikkje døypt og lurer på om du likevel kan bli konfirmert i kyrkja? Klart du kan, og du er heller ikkje alene! Fleire ungdomar vert kvart år døypt i forkant av konfirmasjonen. Du får god informasjon på forhand og på sjølve dåpsdagen har du med deg dine næraste i ein fin seremoni.
Ordet konfirmasjon kan bety både «å bekrefte» og «å gjere sterk».
Eit høgdepunkt i konfirmasjonsgudstenesta er når det bes ei bøn for deg. I bøna ber vi Gud om å velsigne deg og å styrke deg på din veg vidare i livet. Det viktigaste med konfirmasjonstida er å være ein del av eit fellesskap og bli betre kjent med den kristne trua. Konfirmasjonen er en påminninga om at Gud i dåpen sa ja til å være ein del av ditt liv.
10 GODE GRUNNAR TIL Å VERE KONFIRMANT I KYRKJA:
1. Du får oppleve kva kristen tru er. Det er meir enn eit skolefag.
2. Konfirmasjonsdagen er berre din, og du har ein dag der du blir bekrefta for den du er.
3. Du får oppleve eit nytt fellesskap med andre på samlingar, leir eller weekend, og bli kjent med fleir.
4. Du får engasjere deg for andre menneske. Du får også lære kva vi kan gjere for å ta vare på jorda og klimaet vårt.
5. På konfirmasjonsdagen får dei som er glad i deg feire deg.
6. Du får tid til å reflektere over store spørsmål, og bli kjent med kva du trur på – og kva som er viktig for deg.
7. I konfirmasjonstida pratar vi om sorg og glede, om livets store og små spørsmål.
8. Du får tid til å reflektere, tenke kritisk og sjølvstendig om tru og kva kristendom er.
9. Du blir del av eit større fellesskap. Berre sjå på #konfirmantene på TikTok!
10. Du møter folk med ulike meiningar, og saman med dei lærer du noko felles.