Kven kan bli døypt?
Alle kan bli døypte, og ein kan bli døypt når som helst i livet. Det vanlegaste i Den norske kyrkje er at barna blir døypt innan dei er eitt år. Nokon blir døypt i samband med konfirmasjon.
Kva betyr det å vera fadder?
Under dåpshandlinga seier presten at foreldre og fadrar skal vera vitne om at barnet er døypt og bidra til at barnet blir oppdratt i den kristne tru. Å ta med barnet til ein av kyrkja sine mange barneaktivitetar er ein fin måte å gjera dette på, likeså å be for barnet. Å vera fadder er for mange eit heidersoppdrag.
Kven kan vera fadder?
Alle som er over 15 år og vedkjenner kristen barnedåp kan vera fadder. Det er foreldre som bestemmer kven som skal vera fadrar. Det er mest vanleg å velja blant familie og vener. Den som blir døypt må ha minst to fadrar. Foreldre kan ikkje vera fadrar.
Kva er ein dåpssamtale?
Når dåpsdagen nærmar seg vil presten eller ein annan i di lokale kyrkje ta kontakt med deg/dykk for å avtala tid og stad for ein dåpssamtale. Nokre gonger er det ein individuell samtale, andre gonger er det ein gruppesamtale med fleire dåpsforeldre. Dåpssamtalen handlar om kva dåpen er, kva som skjer på dåpsdagen og dei verdiar som følgjer i kvardagen. Du kan stilla alle spørsmål du har om dåp, tru og kyrkje.
Kva skjer i kyrkja under dåpen?
Dåpen er som regel tidleg i gudstenesta. Først blir det lese frå Bibelen om kvifor me døyper barna våre. Me les truvedkjenninga høgt saman og syng ein dåpssalme. Det blir helt vatn i døypefonten, og presten ber ei bøn for det som skal skje. Dåpsfamilien kjem fram til døypefonten, og ein i følget tar av dåpslua viss barnet har det. Presten spør den som ber barnet kva barnet heiter. Så «teiknar» presten ein kross over barnet, før han eller ho auser tre handfullar med vatn over barnet sitt hovud og seier: «Eg døyper deg i namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande». Eit dåpslys blir tent, som familien får med seg heim. Mange stader blir barnet løfta opp og presentert for kyrkjelyden som blir beden om å ta godt imot den døypte. Dåpshandlinga blir avslutta med at presten oppfordrar foreldre og fadrar til å be for barnet, læra det sjølv å be og bruka Bibelen og nattverden.
Kven kan bera barnet?
Det er vanleg at ein av foreldra eller ein av fadrane ber barnet til dåpen. Dette er valfritt. Det er også mogleg at ein annan ber barnet, til dømes bestemor eller bestefar.
Kva er ei gudmor/gudfar?
Mange bruker tittelen gudmor/gudfar på den som ber barnet i dåpsseremonien. Foreldre bestemmer sjølv om dei vil bruka denne tittelen. Kven som er gudmor eller gudfar blir ikkje registrert i det kyrkjelege registeret.
Kva har ein på seg i dåpen?
Det er ingen reglar for kva foreldra og fadrane skal ha på seg. Det er vanleg at ein stiller pent kledd i høve dåpen. Barnet har som oftast dåpskjole og dåpslue, men det er heilt valfritt. Kyrkja i Finnøy har dåpskjolar som kan lånast gratis om ynskjeleg, les meir HER.
Må ein ha dåpsfest?
Noko av det fine med dåpsfesten er at det ikkje er reglar for korleis denne skal bli arrangert. Det er opp til barnet sine foreldre om de vil ha ein fest og korleis den skal vera. I mange familiar er dåpsdagen eit flott høve til å samla slekt og vener til fest for å feira barnet.
Kva er forholdet mellom dåp og konfirmasjon?
Dåp og konfirmasjon heng saman. For å bli konfirmert må ein først vera døypt. Konfirmasjon kjem frå det latinske ordet «confirmare» som betyr å stadfesta og styrka. I konfirmasjonen stadfestar Gud løftet som blei gjeve i dåpen. Alle kan delta i konfirmanttida, samstundes er dåpen ein føresetnad for å delta i den avsluttande konfirmasjon. Viss ein ikkje er døypt kan ein bruka konfirmasjonstida til å finna ut om ein ønskjer dåp.