Dåp- kva blir det sagt ja til?


Dåp i kyrkja. Den vesle i lang, kvit kjole blir bore opp framfor kyrkjelyden. Kvifor vel me dåp? Kvifor inviterer me til feiring?

Foto: Sveinung Bråthen

Dåpen er ein tradisjon for mange, og ved å velja dåp, gjer ein eit val om vera ein del av ei høgtid som menneske gjennom generasjonar har tatt del i. Ved dåp blir det sett ei verdig ramme rundt ei viktig hending.


Dåpen er starten på eit livslangt fellesskap med Gud – og med kristne over heile verda. Små barn vel ikkje anna det som foreldre vel for dei -  enten det eine eller det andre – og for å erfara kva tru er, treng dei hjelp med det. Etter kvart som barnet veks, må trua få modnast i takt med barnet. Det er starten på dette livsvalet det blir lagt til rette for når liten og stor blir pynta for ein festdag med startskot i kyrkjerommet.
 

Men kva seier me eigentleg ja til i dåpen? Kva handlar dåpen om?
Eit felles ja

Dåpen er ei gåve frå Gud. Den er ei ja-handling. Og først og fremst er det Gud som seier ja. Heilt frå første dag har Gud sagt ja til barnet.  Gud elskar alle, alltid og utan atterhald.
Og foreldre og fadrar seier ja. Ved døypefonten svarar de ja til at den vesle skal tilhøyra den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus, tilhøyra kyrkja og veksa opp med den kristne tru. De seier ja til å læra barnet om trua og kva den betyr for livet. Men dette står de ikkje åleine om.
 

For kyrkja seier også ja. Når barnet blir døypt, blir det medlem i Den norske kyrkje og ein del av fellesskapet i kyrkjelyden der de bur. Barnet vil jamleg få tilbod om å læra meir om kyrkja og trua, tilpassa alderen. Kyrkja seier ja til å inkludera barnet dykkar i trygge og gode aktivitetar der barnet blir kjent med Gud, seg sjølv og andre.


Gjennom dåpen blir me alle ein del av eit fellesskap som strekkjer seg over heile verda og gjennom alle tider. Det er ein augneblink som varer lenge.
 

Når barnet ikkje lenger er bitte lite
Det er ikkje alle som har overskot eller rekkjer å døypa barnet når det er lite nok til å passa inn i ein tradisjonell dåpskjole. Men, det er ingen regel for kor lite eit barn må vera for å bli døypt. Barn i alle aldrar, ungdomar og vaksne er alltid velkomne til dåp. Dåp gjev medlemsskap i Den norske kyrkje.

Kontakt oss
I kyrkjene i Finnøy er det dåp i høve dei fleste gudsteneste.

Klikk her for å søkja etter tidspunkt og bestilla dåp i kyrkjene i Stavanger kommune

 

Tilbake
Del