Me har to ledige stillingar som kantor/kyrkjemusikar.
Dei to stillingane gjeld:
30 % stilling med tenestestad i Sjernarøy og Jørstad kyrkjer og på Halsnøy bedehus:
Sjernarøy kyrkje har eit Rieger-Kloss-orgel med 11 stemmar, to manual og pedal. Jørstad kyrkje har eit orgelpositiv med eit manual og tre stemmer. Det er piano på alle gudstenestestadene. Det er gudsteneste to søndagar per månad, den eine med tenestestad både Halsnøy og Jørstad, den andre søndagen i Sjernarøy kyrkje.
10 % stilling med tenestestad i Talgje kyrkje:
Talgje kyrkje har eit orgel frå Norsk Orgel-Harmoniumfabrikk frå 1980. Det har tolv stemmer fordelt på to manual og pedal. I tillegg er det piano i kyrkja. Det er gudsteneste ein søndag i månaden. Kyrkjelyden er vane med eit variert musikalsk uttrykk, og både frivillege barn og vaksne medverkar aktivt til dette.
Les meir om stillingane HER. (Søknadsfrist er 18. januar 2026.)