Julegåveaksjonen 2025
TUSEN TAKK FOR ALLE BIDRAG TIL JULEGÅVEAKSJONEN 2025:-)
Biletet er henta frå Pixabay.
TUSEN TAKK FOR ALLE BIDRAG TIL JULEGÅVEAKSJONEN 2025:-) Aksjonen er nå ferdig for i år, og me fekk inn kr 25 000,- som er omgjort til gåvekort:-)
Også i år samarbeidar Kyrkja i Finnøy med Finnøy Frivilligsentral om ei innsamling som kan kome nokon i lokalsamfunnet tilnytte i "julestria". Alle kan kjenna på at dei økonomiske ressursane me har til rådigheit i jula kan kome til kort frå år til anna. I Julegåveaksjonen ønskjer me at folk i lokalsamfunnet kan hjelpe kvarandre med å få endane til å møtast. Dei som har litt til overs dette året kan hjelpa dei som ikkje har nok, og eit anna år kan situasjonen vera snudd. Dei som vil gje eit bidrag til aksjonen kan Vippse til 132972 eller overføre til kontonummer 33473001905 og merka gåva med 'Julegåveaksjonen'. Og dei som kunne trengt eit gåvekort til å spe på julebudsjettet i år kan ta kontakt med Brenda på Finnøy kyrkjekontor på bk623@kyrkja.no.no eller Ragnhild på Frivilligsentralen på ragnhild.valand@stavanger.kommune.no
Aksjonsperioden er frå 7. november til 5. desember, og gåvekorta delast ut etter avtale.
Sjå plakat HER.
Tilbake