Velkommen som konfirmant hos oss i Finnøy kommunedel. Me har eit opplegg som me er stolte av og som me trur at du som konfirmant vil lika. Å vera konfirmant i kyrkja er ikkje berre for deg som trur. Å vera konfirmant i kyrkja er like mykje for deg som tvilar eller berre er nysgjerrig. I konfirmasjonstida får du høve til å utforska mange viktige spørsmål saman med andre, og du får læra meir om Gud og deg sjølv.
KONFIRMASJON ER FOR ALLE
Alle er velkomne til konfirmasjonstid i kyrkja– både du som trur, tviler, er usikker, ikkje trur, ikkje har tenkt på sånt før eller er nysgjerrig. Kyrkja i Finnøy sendar ut invitasjon til alle pr. brevpost.
PÅMELDING
Påmelding: (påmeldinga opnar 7. mai) Meld deg på innan 27. august. Ved påmelding oppgjer ein både konfirmanten og føresette sitt telefonnummer og e-post. Dette er nødvendig for vidare kontakt på Spond.
PRAKTISK INFO
Konfirmantopplegget vårt varierer litt frå år til år, og de får meir informsjon på foreldremøtet som arrangerast før sommarferien. Informasjon gjennom året blir gitt via sms, Spond og Facebook-sida "Konfirmasjon i Finnøy".
Kyrkja har også tilbod om HEL-konformasjonsopplegg (tilrettelagt) som ein del av kyrkja sitt inkluderingsarbeid, les meir her.
FORELDREMØTE for KONFIRMANT 2026 blir onsdag 4. juni:
-Kl 16:15 for foreldre/føresette frå Sjernarøy sokn (Sjernarøyane og Ombo) og Talgje sokn (Talgje, Fogn og Halsnøy)
-Kl 17:00 for foreldre/føresette frå Hesby sokn (Finnøy)
NB: Kun for foreldre /føresette utan konfirmant
På møtet vil me fastsette konfirmasjonsdatoar og snakke om kva som i all hovudsak føregår i løpet av eit konfirmasjonsår. Konfirmasjonsåret startar i september og avsluttast med konfirmasjonsgudstenester i april/mai. Undervisninga skjer for det meste onsdagar etter skuletid. Me tilpassar då tida slik at det skal passe med båtane. Det vil óg bli ein konfirmantleir (sjå eige avsnitt).
(Lurar du på kva konfirmasjonsdatoane er for åra framover...? Som prinsipp har Hesby kyrkje (for konfirmantane på Finnøy) alltid første helg i mai (lørdag + søndag). Det året 1. mai er på ein sundag blir det 30. april og 1. mai. For dei andre øyane varierar det mellom same helg, helga før eller helga etter, og ein blir einige om kva datoer det blir på foreldremøtet.)
KONFIRMASJONSGUDSTENESTENE VÅREN 2026:
MERK! Hesby kyrkje er stengd grunna rehabilitering frå 1. september 2024 til 1. oktober 2025. I denne perioden brukar me Bethel til gudstenester og kyrkjelege handlingar.
NB! Endelege datoer for konfirmasjonar 2026 kjem etter foreldremøtet.
KVA KOSTAR DET?
Konfirmasjonstida har ein pris på kr 750. Dette inkluderar materiell, mat på samlingane, konfirmantbibelen etc. (Prisen er den same uavhengig av om konfirmanten er med på weekend eller ikkje.) Ved påmelding betales kr 750,- pr vipps til det soknet konfirmanten bur i: Hesby sokn 132972, Sjernarøy sokn 503744 og Talgje sokn 92286. Hvis du har problem med å betale avgifta, vil me hjelpa til med dette. Pris skal IKKJE vere eit hinder. Ta kontakt med kyrkjekontoret!
OPPMØTE
I løpet av konfirmantåret må konfirmantane vere med på 8 gudstenester. Det forventes at konfirmanten prioriterer konfirmasjonsundervisning framfor andre gjeremål dette året.
LEIR
Vi reiser også på weekend eller leir. Vi ynskjer å gi deg gode opplevingar saman med venner og leiare. Det blir weekend på Utsyn Misjonssenter 30-31. januar 2026. Der vil me ha med nokre foreldre som leierar ilag med ansatte.
JÆRGÅRDS-FESTIVALEN
Fredag 22. august er det tilbod til alle konfirmantar om å vere med på Jærgårds i Kleppeloen på Klepp, sjå meir her. Det har vore kjekt for dei unge å vere med på dette i fjor og året før. Det er frivillig å delta, og det kostar kr 100,- for konsertane. Reidun Bråtveit kan fylle opp ein bil og vere med. Viss fleire har lyst er vi avhengig av at foreldre stiller med bil og er med denne kvelden. Tenk på om du som føresett har høve til dette og ta kontakt med Reidun på mail rb474@kyrkja.no eller tlf. 911 43 465. Påmelding til Reidun for dei konfirmantane som vil innan 20. juni.
KONFIRMASJON OG DÅP
Er du ikkje døypt og lurer på om du likevel kan bli konfirmert i kyrkja? Klart du kan, og du er heller ikkje alene! Fleire ungdomar vert kvart år døypt i forkant av konfirmasjonen. Du får god informasjon på forhand og på sjølve dåpsdagen har du med deg dine næraste i ein fin seremoni.
Kyrkja i Finnøy ynskjer dykk velkomen som konfirmant i 2025/2026!