Fasteaksjonen 2025


Fasteaksjonen 2025


Eit håp kan byrje med ein drope vatn og gje ei framtid utan svolt, fattigdom, sjukdom og konflikt. Bli med i årets fasteaksjon og gjer ein forskjell for dei som treng det mest. Støtta frå deg reddar liv. 

Prevencia fyller vatn i bøtter, og vatnet førast ut gjennom vannslangar til plantane.

Kampen for rettferd har vore heilt sentral i det å vere kyrkje - det er ein del av kyrkja si diakonale oppgåve. Kirkens Nødhjelp sitt arbeid ute i verda er òg menigheita si globale diakoni. Me står i ein global samanheng, og eit kyrkjeleg fellesskap over heile kloden. Det er over 3000 vers i Bibelen som handlar om fattigdom og rettferd. Gjennom Fasteaksjonen bidreg me år etter år til meir rettferd i verda. Me gjer menneska i våre lokalsamfunn moglegheit til å hjelpa. Og ikkje minst skapar me håp; hos oss sjølve og hos dei som er i naud.

TAKK FOR AT DU STØTTAR FASTEAKSJONEN 2025:-) Vipps til 2426.

Fasteaksjonen på øyane i Finnøy kommunedel skjer i perioden 4.-8. april. 

FASTEAKSJONEN 4. – 8. APRIL

Konfirmantane samlar inn til Kirkens nødhjelp. Meir informasjon om dette kjem.

Det nyttar å hjelpe. Les meir om Fasteaksjonen 2025 HER. I årets aksjon blir vi kjend med Prevencia, ei 13 år gamal jente frå disktriktet Kazungula sør i Zambia. Zambia er eit av fem land som har erklært nasjonale katastofer etter langvarig tørke i det sørlige Afrika i 2024. I Zambia er 12,2 millioner menneske ramma av tørke etter at regntida i slutten av 2023 var mykje kortare enn vanleg, noko som har skapt ei omfattande sultkatastrofe. Prevencia sin familie har klart seg gjennom katastrofen takka vere ein klimasmart metode å dyrke grønsaker på. Les meir om Prevencia HER.

Tilbake
Del