Haugespor


– Skaparånd, spetakkel..., og strikkepinnar!

Haugespelet er tilbake!
2021 var det store Haugeåret, då me feira 250årsjubileet for Hans Nielsen Hauge sin fødsel. I 2024 markerer me 200 år sidan den store samfunnsbyggjaren døydde.

Me i Ryfylke Livsgnist reiste rundt i 2021 og 2022 med Haugespor, ja til og med i 2023. Så langt har me spelt 43 førestillingar i heile landet. Publikumsresponsen har rett og sett vore formidabel.

Nå er det bare to førestillingar igjen som me veit om. Dei er rett rundt hjørnet – ja 7. og 10. november.

Torsdag 7. november kl. 19.30 i Åkra kyrkje på Karmøy – kjøp billett HER
Sundag 10. november kl. 18.00 på Utsyn Misjonssenter, Finnøy – kjøp billett HER
Ønskjer du at Haugespor skal koma til di bygd eller by?
Ta kontakt: tor@ryfylkelivsgnist.no

Tilbake
Del