Talgje kyrkje restaurerast


Arbeidet med restaurering av Talgje kyrkje held fram, og no står innsida for tur.

Foto: Arne Sigurd Mossige

Talgje kyrkje er under restaurering. På fasaden mot sør er den noverande  pussen (ein slett sement-puss) fjerna og erstatta  med ny puss (kalkpuss). Me  har også restaurert vindaugene, der me har fjerna  rust, malt opp og kitta om vindaugene. 
 
Stillaset står for å sikre rett  tørking av den nye pussen, mens byggegjerdet er fjerna. Brakkene vil stå i påvente av nye arbeid. Vidare utvendige arbeid er planlagt å starte opp igjen neste år. 
 
Frå no og fram til jul vil den innvendige sørveggen rustast opp. Dette betyr at kyrkja må vere stengt i perioden fram til jul. I nedstengingsperioden vil gudstenester og kyrkjelege handlingar haldast frå Talgje bedehus. 
 

Tilbake
Del