Konfirmant 2025


Velkommen som konfirmant hos oss i Finnøy kommunedel. Me har eit opplegg som me er stolte av og som me trur at du som konfirmant vil lika. Å vera konfirmant i kyrkja er ikkje berre for deg som trur. Å vera konfirmant i kyrkja er like mykje for deg som tvilar eller berre er nysgjerrig. I konfirmasjonstida får du høve til å utforska mange viktige spørsmål saman med andre, og du får læra meir om Gud og deg sjølv.

Foto: Kirkerådet

KONFIRMASJON ER FOR ALLE
Alle er velkomne til konfirmasjonstid i kyrkja– både du som trur, tviler, er usikker, ikkje trur, ikkje har tenkt på sånt før eller er nysgjerrig. Kyrkja i Finnøy sendar ut invitasjon til alle pr. brevpost. 

PÅMELDING
Påmelding(Obs! Opnar mandag 27. mai kl 10.00.) Meld deg på innan 27. august 2024.

PRAKTISK INFO
Konfirmantopplegget vårt varierer litt frå år til år, og de får meir informsjon på foreldremøtet som arrangerast før sommarferien. Informasjon gjennom året blir gitt via sms, Spond og Facebook-sida "Konfirmasjon i Finnøy".

Kyrkja har også tilbod om HEL-konformasjonsopplegg (tilrettelagt) som ein del av kyrkja sitt inkluderingsarbeid, les meir her.

FORELDREMØTE for KONFIRMANT 2025 blir ONSDAG 22. MAI: 

-Kl 16:15 for foreldre/føresette frå Sjernarøy sokn (Sjernarøyane og Ombo) og Talgje sokn (Talgje, Fogn og Halsnøy)

-Kl 17:00 for foreldre/føresette frå Hesby sokn (Finnøy)

NB: Kun for foreldre /føresette utan konfirmant

På møtet vil me fastsette konfirmasjonsdatoar og snakke om kva som i all hovudsak føregår i løpet av eit konfirmasjonsår. Konfirmasjonsåret startar i september og avsluttast med konfirmasjonsgudstenester i april/mai. Undervisninga skjer for det meste onsdagar etter skuletid. Me tilpassar då tida slik at det skal passe med båtane. Det vil óg bli ein konfirmantleir (sjå eige avsnitt).

(Lurar du på kva konfirmasjonsdatoane er for åra framover...? Som prinsipp har Hesby kyrkje (for konfirmantane på Finnøy) alltid første helg i mai (lørdag + søndag). Det året 1. mai er på ein sundag blir det 30. april og 1. mai. For dei andre øyane varierar det mellom same helg, helga før eller helga etter, og ein blir einige om kva datoer det blir på foreldremøtet.)

KONFIRMASJONSGUDSTENESTENE VÅREN 2025:

MERK! Hesby kyrkje er stengd grunna rehabilitering frå 1. september 2024 til 1. oktober 2025. I denne perioden brukar me Bethel til gudstenester og kyrkjelege handlingar.

(Endelege datoer for konfirmasjon kjem etter foreldremøtet.)

KVA KOSTAR DET?
Konfirmasjonstida har ein pris på kr 750. Dette inkluderar materiell, mat på samlingane, konfirmantbibelen etc. (Prisen er den same uavhengig av om konfirmanten er med på weekend eller ikkje.) Ved påmelding betales kr 750,- pr vipps til det soknet konfirmanten bur i: Hesby sokn 132972, Sjernarøy sokn 503744 og Talgje sokn 92286. Hvis du har problem med å betale avgifta, vil me hjelpa til med dette. Pris skal IKKJE vere eit hinder. Ta kontakt med kyrkjekontoret!

OPPMØTE
I løpet av konfirmantåret må konfirmantane vere med på 8 gudstenester. Det forventes at konfirmanten prioriterer konfirmasjonsundervisning framfor andre gjeremål dette året.

LEIR
Vi reiser også på weekend eller leir. Vi ynskjer å gi deg gode opplevingar saman med venner og leiare. Det blir weekend på Utsyn Misjonssenter 14.-15. februar 2025. Der vil me ha med nokre foreldre som leierar ilag med ansatte. 

JÆRGÅRDS-FESTIVALEN
Fredag 23. august er det tilbod til alle konfirmantar om å vere med på Jærgårds i Kleppeloen på Klepp, sjå meir her. Det har vore kjekt for dei unge å vere med på dette i fjor og året før. Det er frivillig å delta, og det kostar kr 100,- for konsertane. Heidi Bø Sangedal kan reise i lag med dei som vil dra, men er avhengig av at det er fleire føresette som kan vere med å køyre. Tenk på om du som føresett har høve til dette og ta kontakt med Heidi (47010909).

KONFIRMASJON OG DÅP
Er du ikkje døypt og lurer på om du likevel kan bli konfirmert i kyrkja? Klart du kan, og du er heller ikkje alene! Fleire ungdomar vert kvart år døypt i forkant av konfirmasjonen. Du får god informasjon på forhand og på sjølve dåpsdagen har du med deg dine næraste i ein fin seremoni.

Tilbake
Del