Familiegudsteneste, 200-års rotur og julestemning. Ja, det blir litt av ein første pinsedag på Hesby og Steinnesvåg sundag 19. mai.
For nå blir det tre feiringar i eitt:
- Pinsedag er festdag. Ikkje minst i kyrkja!
- Presteparet Gabriel og Gustava Kielland kom til Finnøy for nøyaktig 200 år sidan.
- Bispedømmet sin jubileumsbåt er på Finnøy. Me set vårt merke på seglet.
Få gjerne med deg alt. For godbitane kjem på rekkje og rad. Kva skjer?
Kl. 11.00 Festgudsteneste for heile familien i Hesby kyrkje.
Ola Aasland Vold er prest denne festdagen. Og me tar også eit kort tilbakeblikk til 1824, då presteparet Kielland kom til Finnøy.
Etter gudstenesta går/køyrer me ned til Steinnesvåg.
Seinast kl. 12.40: Historisk 200- og 900årssus i eitt! Steinnesvåg kai.
Me drar tilbake til forsommaren 1824, då Gustava og Gabriel Kielland blei rodde inn til Hesbybrygga for å starta tenesta på Finnøy. Få med deg eit lystig, historisk opptrinn når Gustava og Gabriel blir rodd inn til kaien i bispedømmet sin 900-års jubileums-robåt. Sjølvsagt blir det «O jul med din glede» som allsong på kaien.
NB: Bruk parkeringsplassar ved Emmaus. På sjølve kaien ønskjer me det bilfritt.
Du kan lesa meir om bispedømmet sin jubileumsbåt her.

Velkomen!
Arrangør: Hesby sokneråd