Fasteaksjonen 2024


Eit håp kan byrje med ein drope vatn og gje ei framtid utan svolt, fattigdom, sjukdom og konflikt. Ver med i årets fasteaksjon og gjer ein forskjell for dei som treng det aller mest. Støtta frå deg reddar liv. 

TUSEN TAKK til alle som støtta Fasteaksjonen 2024, både med kontantar og på Vipps. Førebels har me berre tala for innsamla kontanter, og det er fordelt på sokna slik:

Hesby sokn. Kr 14 275,-

Sjernarøy sokn: Kr 4071,-

Talgje sokn: Kr 6303,-

 

Kampen for rettferd har vore heilt sentral i det å vere kyrkje - det er ein del av kyrkja si diakonale oppgåve. Kirkens Nødhjelp sitt arbeid ute i verda er òg menigheita si globale diakoni. Me står i ein global samanheng, og eit kyrkjeleg fellesskap over heile kloden. Det er over 3000 vers i Bibelen som handlar om fattigdom og rettferd. Gjennom Fasteaksjonen bidreg me år etter år til meir rettferd i verda. Me gjer menneska i våre lokalsamfunn moglegheit til å hjelpa. Og ikkje minst skapar me håp; hos oss sjølve og hos dei som er i naud. TAKK FOR AT DU STØTTAR FASTEAKSJONEN 2024:-) Vipps til 2426.

Fasteaksjonen på øyane i Finnøy kommunedel skjer i perioden 15. og 19. mars. 

FASTEAKSJONEN 15. – 19. MARS

Konfirmantane samlar inn til Kirkens nødhjelp

VIPPS 2426

Finnøy: Tysdag 19. mars frå ca kl 17 – konfirmantane kjem på dørene

Fogn  og Talgje: Måndag 18. og tysdag 19. mars ettermiddagstid  - konfirmantane kjem på dørene

Halsnøy: Bøsse ståande på Joker Skartveit 15.- 19. mars

Nord – Hidle: Bøsse på dørene 15.- 19. mars

Ombo: Fredag 15. mars kl 15 – 17 Bøsse ved Joker Ombo

Sjernarøyane: Måndag 18. mars kl 15 – 17 Bøsse ved Joker Eriksholmen og Joker Helgøysund

Det nyttar å hjelpe:-) Det kan du lesa meir om Fasteaksjonen HER. I år får me høyre korleis kvardagen til 15 år gamle Rachelle i Bekaadalen i Libanon har vorte mykje betre takka vera det langsiktige prosjektet Kirkens Nødhjelp har satt i gong med midler frå Fasteaksjonane, les om det HER.

Tilbake
Del