Ei førjulsoppleving i eit 200-års historisk spenn. Lunt, morosamt, stemningsfullt og utan stress! Sundag 10. desember kl 14.00-18.30. Berre på Finnøy!
Ryfylke Livsgnist serverer ei vakker, spennande, morosam og mettande førjulsreise på Finnøy med Gustava Kielland i spissen, forfattaren av «O jul med din glede». Og historia er så mykje, mykje meir enn ein julesong. Bli med 200 år tilbake i tid til Finnøy, til eit snodig folkeferd, ei brytingstid i norsk historie og eit prestepar som snur opp ned på tankesettet til folk på Finnøy. Og presetefrua er ei vågal kvinne som tør å visa engasjement, både i og utanfor heimen.
Les meir HER.
Sjå plakaten HER.